Søndagsskuleforbundet førebur stor bursdagsfest bl.a. i Kongeparken i samband med sitt 120-årsjubileum. Alle søndagsskuleungar i heile landet er innvitert til festen.

Den store festen er satt til laurdag 5. september. Den dagen kjem alle som er medlem i ein lokal søndagsskule gratis inn i kongeparken, og får der fri adgang til aktivitetar i tillegg til at det vert program med ulike artistar som opptrer m.m. Astrid K. Prestbø i Fitjar søndagsskule ynskjer å informera om at det no er fult på jubileumsfesten om laurdagen, men at det derfor er satt opp 2-dagarsfeiring, slik at dei som ikkje har fått plass i parken om laurdagen no kan melda seg på til søndagen. Om søndagen vert det ikkje program, men fri adgang til alle aktivitetar i parken. Påmelding for dei som er med i Fitjar søndagsskule skal skje til Astrid K. Prestbø tlf. 97 62 58 33 innan tirsdag 16. juni kl. 12.00. Festen er sjølvsagt og open for foreldre, søsken og venner, men dei må betala 100,- i innganspengar (og melda seg på). Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av søndagsskuleleiarane eller lesa om arrangementet på søndagsskuleforbundet si heimeside.

anabolen pillen