Det vert mykje kultur i helga. Først kjem Håkonarspelet på fredag og laurdag, så er det duka for både Søndagskuledagen og Open dag på Årskog museum om søndagen.

Søndagsskulens dag startar med gudsteneste kl 11.00 i Moahagen. Deretter vert det matsal og aktivitetar på Fitjar bedehus.
På Årskog er arrangementet frå 13.00 – 17.00, men barneprogrammet byrjar ikkje før kl 14.00. Så for born og foreldre som ønskjer å få med seg begge delar, skulle det la seg godt gjere, slik mange har fått det til tidlegare år.

Ingressbilete: Illustrasjonsbilete Open dag.