Søndagsskulen i Øvrebygda inviterte til samling ute i går. Veret var det aller beste, med sol og vindstille. Først vart teksten for dagen forklart både i ord og teikning, og borna følgde godt med. Kvikke barnesongar ljoma mellom bjørketrea med akkompagnement frå sauebjøller i nærleiken. Natursti er alltid populært, sjølv om ikkje alt er like lett å svare på. Ei stor pannekakerøre vart steikt på takke i grua. Mat og drikke høyrer jo med til ei utflukt. Dei som ville kunne lage fuglebur av halvfabrikata. Med all denne aktiviteten var ein slett ikkje ferdig med søndagsskulen på ein time. Men borna fryda seg og tok berre fram mobilen for å gi melding om litt seinare heimkomst. Det var ein triveleg føremiddag for born og vaksne. Den minste som var med, låg for det meste i vogna og sov.

Søndagsskulen hadde utetime ein gong i vinter og. Det klaffa på ein dag med skøyteis på eit jorde på Hovstad.