Kommunestyret handsama i dag høyring av framlegg til ny Heilagdagslov. Kulturdepartementet har sendt lovframlegget ut på høyring. Illustrasjonsbilete: REMA 1000, Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik.

Framlegget til endringar i lova seier at butikkane i prinsippet skal kunna halda ope på søndagar. Særskilte heilagdagar, høgtidsdagar og høgtidsafter skal det som hovudregel vera stengt. 

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å ikkje støtta endringane som er føreslegne i lova, korkje framlegget som går på at reglane skal vera nasjonale, eller alternativt framlegg som går på at kvar enkelt kommune skal få avgjera.  

I debatten sa Sigurd Andre Maraas, Frp, at oppmjuking av opningstidene kunne vera positivt. Han ville ikkje koma med eige framlegg, men røysta imot framlegget frå formannskapet.

Harald Rydland, KrF, håpa at Stortinget tar inn over seg den store motstanden som er i folket mot søndagsope.

Agnar Aarskog, Ap, synte til den massive motstanden frå organisasjonar, eigarar, kyrkja og dei frivillige organisasjonane. Han var glad for at kommunestyret står samla, og håpar regjeringa lyttar til motstanden. Me treng ein fridag i veka!

Arne Prestbø, H, var samd, me seier nei til søndagsopne butikkar!

Ved røystinga fekk framlegget frå formannskapet 16 røyster. Ein røysta imot.

Framlegget som fekk fleirtal, var sett fram av Dagfinn Brekke, KrF, i formannskapet, og lyder slik:

Fitjar kommune støttar ikkje endringane som er føreslegne i lova om heilagdagsfred, verken primærforslaget som går ut på at reglane skal vera nasjonale, eller sekundærforslaget som går ut på at den einskilde kommune skal få avgjera dette.

Fitjar kommune meiner det er viktig at regulering av opningstidene ikkje åleine vert avgjort av tilbod og etterspørsel, men at omsynet til sundagen som en annleis dag, folket sitt behov for ein felles kviledag, heilagdagsfreden, og arbeidstakarane sitt behov for ein fridag saman med vener og familie, vert best sikra gjennom ei vidareføring av det lovverket ein har i dag.