Det går mot sommar, og natt til søndag er det tid for å stille klokka.

Som alltid skal klokka stillast mot sommaren, dvs at me no skal stilla klokka ein time fram, og med det vert natta på sett og vis ein time kortare. Formelt skal dette skje klokka to om natta siste søndag i mars, slik at klokka 02.00 søndag 27. mars skal klokka stillast fram til 03.00.

Ideen om sommartid kom allereie i 1784 men vart først prøvd ut under første verdskrig. I følgje store norske leksikon var 1916 det første året med sommartid i Noreg. Målet med å ha sommartid var å oppnå ei betre arbeidsmessig og helsemessig utnytting av døgnet sine lyse timar.

I Noreg har det vore litt fram og tilbake med bruk av sommartid. Etter ein lang pause frå 1965 til 1980 vart sommartid på ny innført her i landet og følgjer no sommartida i EU, det vil seia at siste helga i mars vert klokka stilt ein time fram, og siste helga i oktober vert den stilt ein time attende.