Det går mot sommar, og natt til søndag er det tid for å stille klokka.

Som alltid skal klokka stillast mot sommaren, dvs at me no skal stilla klokka ein time fram. Formelt skal dette skje klokka to om natta siste søndag i mars, slik at klokka 02.00 søndag 25. mars skal klokka stillast fram til 03.00. Med det vert natta på sett og vis ein time kortare akkurat det døgnet.

Ideen om sommartid kom allereie i 1784, men vart først prøvd ut under første verdskrig. I følgje store norske leksikon var 1916 det første året med sommartid i Noreg. Målet med å ha sommartid var å oppnå ei betre arbeidsmessig og helsemessig utnytting av døgnet sine lyse timar, og å spara energi. Med sommartid vert det litt lengre lysare kveldar.

I Noreg har det vore litt fram og tilbake med bruk av sommartid. Etter ein lang pause frå 1965 til 1980 vart sommartid på ny innført her i landet og følgjer no sommartida i EU, det vil seia at siste helga i mars vert klokka stilt ein time fram, og siste helga i oktober vert den stilt ein time attende. I Europa er det berre Island som ikkje har sommartid.

For å hugsa om klokka skal stillast fram eller attende brukar folk ulike hugsereglar. Nokre tenkjer på at klokka alltid skal stillast mot sommaren, dvs fram om våren og attende om hausten. Andre tenkjer på hagemøblane, at om våren tar ein dei fram, om hausten set ein dei attende til vinterlagring.

Nokre ivrar for at ein skal ha sommartid heile året, slik Noreg hadde i perioden 1940-1942. Fitjarlisto, med Kristian Skumsnes i spissen, gjekk til val på at dei ville avvikla vintertida fordi klokkesnuinga ofte har gjort at det har tulla seg til for folk. No fekk ikkje Fitjarlisto inn representantar i kommunestyret, og me må alle framleis hugsa på å stilla klokka til dei rette tidene og håpa at det ikkje tullar seg til for nokon i år.