Rundt to timar frå Olstjødno ligg Tindaslottet, med den flottaste utsikt som tenkjast kan over Nuen, Selbjørnsfjorden, Reksteren og Austevoll.
Ei overnatting på Tindaslottet midtsommars er noko av det mest magiske du kan tenkja deg. I går svikta rett nok solnedgangen, då sola forsvann altfor tidleg bak skyene over Huftarøy. Men rundt fem timar seinare fekk me løn for strevet, då sola stod opp over Tysnes.

Ein annan attraksjon ved Tindaslottet er den rike vegetasjonen, med den vestlegaste førekomsten av reinrose i Noreg. For ei veke sidan stod ho i full blomst, men no var ho nesten avblomstra. Derfor hastar det alvorleg om du vil sjå denne sjeldne planten bløma i Fitjar i år.
Ei anna naturoppleving, som ikkje hastar like mykje, er å høyra det vemodige skriket til heiloa, som hekkar på Grønafjellet. Ein annan fugl som gjer mykje av seg i dette området, er raudstilk, som er ein av dei vanlegaste fuglane i Fitjarfjellet. Han er lett å kjenna igjen på lyden, som du kan høyra på nettstaden fuglelyder.net.



