Glade sommarlesungar. Bak frå venstre: Trym Træet, Ola Fitjar Hjelle, Daniel Livastøl Aga og Jon Fitjar Hjelle. Framme frå venstre: Emma Fitjar Hjelle, Tori Torbjørnsen og Anna Fitjar Hjelle.

Førtskomande fredag vert det avslutning av lesekampanjen «Sommarles» med framsyninga «Bokstavlig talt».

I ei ny pressemelding frå Silje Torbjørnsen blir det presisert at det ikkje er Klovnen Knut som avsluttar årets lesekampanje. Det var i fjor. I år er blir det avslutning med framsyninga «Bokstavelig talt» med Trond Magnum.

Framsyninga er humoristisk har som mål om å fremje leselyst og leseglede. Me får smakebitar frå bøker, regler og eventyr, både gamalt og nytt. Trond Magnum er ein del av Abrakadabra Teateret, som er ei av dei eldste frie teatergruppene i landet

Biblioteka i Fitjar og på Stord har gode deltakartal i år også. Heile 62,8 % av barna i Fitjar har delteke på «Sommarles», noko som er ny rekord! Stord er med for tredje gong i år, og her var deltakinga like god som i fjor, på om lag 42 %. Begge har gode statistikkar samanlikna med andre bibliotek på deira eigen størrelse.

I alt har barn i dei to kommunane lese over 9000 bøker. Dette fordeler seg med 6558 bøker på Stord og 2461 bøker i Fitjar.

Denne populære kampanjen engasjerer vaksne så vel som barn. Ei jente utbraut at ho kunne ønskje det var vinterles også. Medan ein far kom oppglødd inn i biblioteket og sa at dottera som gjekk i småskulen hadde lese si fyrste bok åleine, takka vere Sommarles. Det er mange gode tilbakemeldingar dagleg i løpet av sommaren frå barn og foreldre som set pris på denne populære kampanjen.

Framsyningane for alle som har delteke på «Sommarles», vert fredag 7. september kl 17.00 på Fitjar folkebibliotek i kultur- og idrettbygget.