Fitjar folkebibliotek inviterer alle barn mellom 6 og 13 år til å ta Leseknappen i sommar.

-Les du fire bøker oppnår du bronsemerke, les du tolv får du gull! Du kan lese sjølv, få nokon til å lese for deg, eller høyre på lydbok.

Du vel også kva du vil lese sjølv. Bøkene som vert lese må ein notere ned på eit skjema og levere til biblioteket før 1.september.

Dei som er med på SommarLES vil bli invitert med på Lesefest 16.september. Alle barn frå 1.-7.klasse i Fitjar vil få informasjon om dette sendt med heim frå skulen.