Fitjar kulturskule inviterte til sommarkonsert i kultursalen torsdag ettermiddag. Det vart ein konsert der høgdepunkta kom som perler på ei snor.

Det heile vart opna med skikkeleg brass-musikk ved aspirantane i Fitjar skulekorps. 9 månader med øving har gjeve gode resultat, og alle dei 8 aspirantane kan vera stolte over kor langt dei har kome. Når no nokre av dei har gått over frå kornett til andre instrument vart det eit lite, flott korps av dei, der både dei lyse og mørke stemmene kom godt fram.

Det er fleire både jenter og gutar som får songundervising i kulturskulen, og ein del av desse fekk me høyra denne kvelden. Først ute var nykomaren Kine S. Fedøy som framførde klokkeklart den kjende prøysenvisa Blåbærturen. Vidare fekk med høyra Kristian F. Giske synga «Sommeren er her», medan Mathias L. Larsen seinare song «Ta en potet». Matias Jonas G. Toskedal har lagt seg på ein annan stil og song og spelte på gitar «Working class hero». Dei etter kvart så erfarne songarane Ingrid S. Bergesen, Marie M. Oma, Erika W. Reigstad og Lena Tislevoll song og flott som alltid, og Marthe V. Nordfonn hadde god kontakt med publikum i si trygge framføring av Fly with me. Ingvil M. Oma som syng og som akkompagnerer seg sjølv på piano debuterte denne kvelden med den sjølvkrivne låta «Again and again.» Eit ungt talent med mange kvalitetar.

Pianoelevar er det mange av og denne kvelden var dei representert ved June Rimmereid, Kristine M. Underhaug, Ingvild M. Oma og til slutt Guro Rimmereid. Dei er alle trygge og flinke pianistar, som gledde publikum med flott flygel-spel.

Av alle dei flotte musikalske innslaga var det kanskje fløyteelevane som fekk det til å svinga mest, med si framføring av «Take it from the top.» Kjekt å høyra fløytistar i alderen 8 til 17 år i flott samspel med kvarandre og fløytelærar Anne Lene Østvold Jordåen.

Blant mange høgdepunkt var eit av dei store då publikum sjølv fekk lov å vera med å delta i allsongen Haba haba, akkompagnert av ei flott gruppa med gitarelevar og med Susanne Tøkje som forsongar.

Kulturskuleelevane får god trening i å opptre ved å delta på dei ulike konsertane og spelejobbane kulturskulen har gjennom året. Dessverre er det ein del av dei, og ein del andre, som treng meir trening i, eller undervising i, det å vera publikum. Det var mykje riksing og vandring under konserten, av ungar og ungdomar som er altfor store til å ha noko på podiet å gjera under framføringane. Det var trist å oppleva at dei som stod på scenen som kanskje var litt nervøse og som hadde førebudd seg svært godt fekk sitt nummer delvis øydelagt, og at dei vart distrahert, av alt det andre som skjedde.

Det heile vart runda av med skulekorpset, som spelte svært bra, både heile korpset og dei ulike gruppene som lot oss høyra litt av det dei har øvd inn i vår. No tar skulekorpset snart med seg dette programmet vidare for å spela for spanjolar og andre tilreisande i Barcelona. Det me fekk høyra denne kvelden gjer at me kjenner oss trygge på at dei i alle fall musikalsk sett kjem til å representera Fitjar på ein svært fin måte.

Andre kulturskulekonsertar vert gjerne kalla sjokoladekonsertar av di songarar og musikarar får ein velfortent sjokolade etter endt konsert. Dette var ingen slik konsert, dette var ein sommarkonsert, og noko av det som høyrer aller mest sommaren til for mange er is, og såleis fekk all aktørane kvar sin is med på vegen heim.

Undervisinga i kulturskulen er enno ikkje over for i år. Det vert undervisingstimar heilt fram til skuleslutt, minner kulturskulerektor Anne Lene Øsvold Jordåen om til slutt.