Fitjar folkebibliotek har sendt oss litt info om utlån med meir i sommar. Infoen kan du lese nedanfor. Foto: Silje Vågen Torbjørnsen

Sommarlån:

Frå og med i dag, 1. juni, får du ekstra lang lånetid på bøker du låner på biblioteket. Innleveringsdatoen blir 18.august. Unntaket er filmar og tidsskrift.

Frå og med 18. juni vert det lang lånetid på alt. Så no er det berre å sikre seg bøker for sommaren!

Siste opningsdag ved Fitjar folkebibliotek vert 25. juni. Første opningsdag etter sommarstengt vert 10. august.

 

Minibibliotek

Minibiblioteket på Larsenkaien er igjen i drift. Prinsippet er som før: Ta ei bok – og legg igjen ein anna! 

Slik vil det alltid vere lesestoff å finne.

Her kan du sjå innhaldet i utebiblioteket på Larsenkaien pr i går. Foto: Silje Vågen Torbjørnsen

 

SommarLES

Er du mellom 6 og 13 år? 

Fitjar folkebibliotek, i samarbeid med Fitjar skulekontor, inviterer alle barn frå deg som skal byrje i 1.klasse til 7.klasse til å vere med på årets SommarLES. Du kan lese sjølv, høyre lydbok eller få nokon å lese til deg. Skjema kan du hente på biblioteket, eller du kan spørje læraren din.

Kampanjen vert avslutta med ein heidundrande lesefest 21. september kl 18.30. Då vert det utdeling av leseknappar, forfattarbesøk og trekning av premiar.

Vennleg helsing

Silje Vågen Torbjørnsen

Fitjar Folkebibliotek

Tlf: 534 58 513   epost: biblioteket@fitjar.kommune.no