Ordførar Agnar Aarskog sender ei sommarhelsing til innbyggjarane i Fitjar. Sommaren er over oss og me ser fram til ferie, då kan me nyta tilvære anten me dreg på tur eller vel å vera heime i vår vakre bygd.
Tida er inne for å gjera ei oppsummering av stoda i Fitjar kommune. Ikkje berre er det eit halvårs bolke som er over, men ein 4 års bolke for oss politikarar som går mot slutten.

Det går godt i Fitjar for tida, det er ei fin utvikling for vår kommune. Folketalet er i vekst, dette er viktig for å få ei positiv utvikling i framtida.
Næringslivet vårt går godt, me har dyktige næringslivs leiarar som syt for nye kontraktar hamnar i Fitjar og dermed sikrar sysselsettinga til sine dyktige medarbeidarar.

Fitjar aukar sin eigendekning av arbeidsplassar og det vert etablert fleire nye spanande bedrifter. Det er no større etterspurnad etter næringstomter i Håkonar Næringspark enn det har vore sidan næringsparken vart etablert.

Store bedrifter som J.Fjeldtvedt AS utvidar og rustar seg for framtida med moderne fabrikkbygningar og auka produksjon.

Vik Sandvik AS konsernet er i sterk framgong og vekst, dei utvidar no kraftig på Fitjar. Ikkje berre utvidar dei hovudkontoret her på Fitjar, men byggjer eit spanande leilighetskompleks og båthamn, noko som eg trur vil gjera da lettare å rekruttera dyktige medarbeidarar.

Dei andre bedriftene i Fitjar går også godt for tida og me ser spanande prosjekter som Kråko utbygginga og fleire nybygg på Fitjar Mek. Verkstad. Størst utfordring for tida er og skaffa dyktige medarbeidarar, her må me som kommune bidra gjennom å byggja ut gode tenester og kulturtilbod til dei som kjem til bygda vår.

I Fitjar kommune er det travle tider med mange store prosjekter, me kan nemna vindkraftprosjektet, Kråko utbygginga, vatn til Dåfjorden, sentrumsplan, utbygging av sjukeheimen og ein rekkje andre større og mindre planar og prosjekt.

Fitjar kommune merkar at det er stramt arbeidsmarknad og slit med å skaffa enkelte fagfolk, dette kan på sikt føra til lengre sakshandsamingstid, noko me vil gjera alt for å unngå.

Me har utfordring i å få løysing for barneskulen på Rimbareid, den er i dårleg stand, her haster det med å finna ei løysing på både kort og lang sikt.

Fitjar kommune er ein god stad og bu, me jobbar kvar dag for at det skal bli betre både for unge og eldre. Me vil ta i bruk ombygd Fitjar Bu- og Behandlingssenter i løpet av hausten, samt at Dåfjorden får godt vatne frå Svartavatnet i løpet av eit par månader.

Våre tilsette gjer kvar dag ein kjempejobb for å gje innbyggjarane våre gode tenester. Men for å kunna tilby gode tenester er me avhengig av å ha god økonomi, me har hatt fleire vanskelege år med dårleg kommuneøkonomi og underskot.

Me ser no at satsinga til Regjeringa Stoltenberg på kommunane har gjeve oss betre økonomi. Dette vil gje betre tenester på sikt, men på kort sikt er me avhengig av å betale ned opparbeidde underskot. Slik det ser ut i dag vil me innan relativt kort tid få nedbetalt gamalt underskot og dermed få høve til styrking av tenestene til våre innbyggjarar.

Til slutt vil eg seia at pilene for Fitjar kommune peikar i rett retning og me kan sjå med optimisme på framtida for vår kommune.

Ha ein god sommar.

Med venleg helsing

Agnar Aarskog
Ordførar