Barnehagane i Fitjar fekk i går  besøk av to damer som var pynta som sommarfuglar og utstyrde med musikk-instrument.

Borna i Bakken barnehage var samla til konsert då Fitjarposten stakk innom i går. Dei viste stor interesse for rim og regler, song og musikk. Rektor i Kulturskulen Anne Lene Østvold Jordåen og musikk-lærar Orlaug Evensen spela tverrfløyte og piano. Sistnemnde hadde og med seg fiolin. Eit av borna kunne straks fortelje kva det instrumentet heiter. Borna fekk delta med hopp og dans til nokre av melodiane som vart framførde. Då Anne Lene og Orlaug spela firhendig på piano, var det lett å merke at borna kjende songen om Mikkel Rev. Orlaug avslutta konserten med å synge Barnesull frå Hallingdal til eige piano-akkompagnement. Anne Lene forklarte at no skulle «sommarfuglane» fly til neste barnehage. Om få år trur me at nokre av tilhøyrarane er på plass i Kulturskulen for å lære og spele tverrfløyte eller kanskje fiolin.