Kommande veke held Sparebanken Vest avdeling Fitjar stengt, grunna ferieavvikling.

 

Det ligg ingen dramatikk bak dei stengte dørene kundane vil møta i banken kommande veke. Avdelingssjef Ingrid Vestbøstad fortel at det er rett og slett eit tiltak dei prøver ut i år for å avvikla ferien for dei tilsette ved banken.

 

– Det er erfaringemessig ei veldig roleg tid denne veka. Folk er på ferie, og dessutan er det mange som ordnar det dei må på nettbank. Minibanken og nattsafen fungerer som vanleg, og om nokon må ha eit lån eller ordna noko anna veldig fort, kan dei ringja kundeservice, forsikrar ho.

 

 

Måndag 27. juli vil det atter vera råd å treffa dei tilsette i banken.