Vennekamp, kongebodskap, barndomsminne, avsløring av folkets syn på bedehuset 
– dette er berre litt av det du vil oppleve på Indremisjonssamskipnadens årsmøte – sommarens storsamling i Stord Idrettspark, 15.-17. juni.

– Me gler oss veldig til desse dagane. Det blir ei festsamling for heile familien, seier Svein Bjarne Aase, dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden. 

15.-17. juni inviterer dei til årsmøte for 148. år på rad. Dette året er det Stord Idrettspark som er arena og Aase ventar besøk frå heile krinsen. 6-700 håpar han vil fylle lokala på det meste.

Programmet er fullspekka med både åndeleg bodskap og fellesskap. Det startar allereie sterkt fredag kveld når Terje Forsberg, forfattar av boka ”Aldri for sent å bli et lykkelig barn”, er gjest under Sommarkveld. Laurdag går det slag i slag med samlingar både for store og små gjennom heile dagen.

Årets hovudtalar er radiopastor i P7, Johnn Hardang. ”Kongenens konge” er overskrifta over bibeltimane hans.

Også dette året vert det eigne opplegg både for born og ungdom.
– Me har invitert med oss Jarle Waldemar, ein av Noregs fremste forkynnarar for born, blant anna kjend for sitt eige JarleTV, seier Aase. Waldemar blir med på friluftssamling på Torget, familiesamling laurdag ettermiddag og han skal gjennomføre Vennekampen – eit eige opplegg for born frå 6 år til 7. klasse.

Dei eldste ungdommane har i tillegg sine eigne samlingar med blant anna road trip til Horneland laurdags kveld.
– Det kjennes godt å ha eit slikt sterkt fokus på den komande generasjonen, samstundes som me ikkje gløymer dei som har vore med i mange år, seier Aase.

Som alltid når indremisjonsfolket samlast står også song og musikk sentralt. Det gjer det også dette året. Vokalgruppa Bless, Praise Him, Lovsongsbrørne og felleskoret Sunnhordlandsmusikken gjev ei rik breidde i det musikalske.
– Eg gler meg til å høyra dei alle, seier Aase begeistra.

Og lurer du på kva folk i Noreg eigentleg meiner om livet på bedehuset?
Under samtalen på årsmøtet vil nokre av resultata frå omdømmeundersøkinga ”Motstrømsfolket” som vart gjennomført i vinter av TNS Gallup, bli presentert.

– Så då er det vel berre å ta turen, seier Aase, som lovar godt fellesskap, gode møte og eit sterkt program til inspirasjon og begeistring.

Sjå meir på www.indremisjonen.no