Endeleg kom våren, og sommarvarmen, til Fitjar. Om folk på Fitjar var skuffa av det voldsomme regnveret på 17. mai så kunne dei gle seg over å stå opp til sol og sommar 18. mai.

Etter ein fin men lang vinter, som ikkje ville sleppa taket, kom endeleg våren og sommarvarmen til Fitjar. Temperaturstiginga merka ein allereie på 17. mai og ein kunne snart sjå dei underverka som det gjorde for alt som veks og gror. Pinseafta, som i år hamna på 18. mai, vart ein flott sommardag skapt for uteaktivitetar.

I eit lunt tun på Raunholm, der gradestokken synte heile 25 grader i skuggen, brukte Svein Arne J. Raunholm og Martin Pedersen dagen til å kosa seg på trampolina. Dagen var nærast perfekt, smilte gutane der dei var kledd i sommarkle og hoppa og spratt. Det einaste som mangla var ein is, meinte gutane.

Det var nok mange som fekk lyst på is varmen, og det merkast i fryseboksane på butikkane. På benken utanfor Rema 1000 sat søskena Solbakken med kvar sin saftis og strålte om kapp med sola. Favoritten var saftis, og alle hadde valgt den same, berre at storebror Eiliv hadde valgt ein anna farge enn dei andre.
– Det er berre saftis som duger i varmt ver, sa storebroren.
– Vaniljeis er liksom heilt mislykka når det er så varmt, forklarde han medan han sleikte i seg den grøne saftisen. I det den siste isbeten var svelgt ned tok søskena til å drøyma om, og meina det var tid for, eit bad i varmen. Om mamma hadde same oppfattinga veit me ikkje, for ho sprang ein ekstra tur innom butikken for å kjøpa våtserviettar. Det er ikkje lett å vera 2-3 år og få all isen rett ned i magen, men du og du så godt det smakte. 

Så får me håpa dagen i dag ikkje er den einaste smaken av sommar me får i år. Skal me tru på yr.no og storm.no så blir veret nesten like fint resten av pinsehelga, så her er det berre å koma seg ut og nyta varmen og solstrålane.