Sommarfesten i bedehuset i går ettermiddag markerte at laurdagsklubben i Dåfjorden tar ferie.

Primus motor Helga Auestad fortel til Fitjarposten dei har gått over til laurdagstreff i staden for tradisjonell søndagsskule i Dåfjord-krinsen. Dei er likevel med i Norsk Søndagsskuleforbund, NSF, 
men har sett at mange travle barnefamiliar gjerne har bruk for fri søndag føremiddag.

Fordelen med å treffast på laurdagen, fortel Helga Auestad, er at då skjer det ikkje så mykje, og folk set pris på ein treffstad. Det plar vera treff annankvar eller tredje kvar laurdag, alt etter kva som høver. Då plar det møta 20-30 ungar i alle aldrar opp til konfirmasjonsaledern, og av og til like mange vaksne. 

Helga Auestad fortel at folk støtttar godt opp om tiltaket. Foreldra bakar gjerne eitkvart lite til samlingane, og på kjøkenet stiller Jan Nesbjørg opp og lagar kaffi. Ein annan viktig støttespelar, Jan Oddvard Mongstad i Dåfjorden Indremisjon, var som vanleg til stades i går. 

På sommaravslutninga i går hadde laurdagsklubben fått besøk av søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger i  Karmsund og Sunnhordland Søndagasskulekrins. Ho fortel at ho ar ansvar for rundt 90 søndagsskular i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Til Dåfjorden hadde ho med seg ein stor oppblåsbar globus. Med denne konkretiserte ho misjonsbodet frå Jesus. Kvar enkelt fekk teikninga av ein fot, som dei fekk lov å plassera einkvan stad på den store globusen. Kontakten med forsamlinga såg ut til å vera framifrå. 

Gårsdagens samkome blei avslutta med loddsal og servering av kaffi og kaker. No tar laurdagsklubben tre månader ferie, fram til søndagsskulens dag, søndag 4. september.