Sol og sommar med rundt 30 grader i skuggen i dag. Og i sjøen var det god badetemperatur – over 20 grader!

Ved den nye gjestebryggja på Sjøsio til Larsen var det eit yrande liv av store og små lystbåtar i dag. I Fitjarøyane like eins.

Fitjarposten tok turen til ein bortgøymd idyll ein stad i Fitjar. Også der var det eit yrande liv. Ingen hadde problem med å komma seg ut i sjøen, som heldt rundt 20 grader.