«Da e» kok-varmt i vatne» «, utbraut ungane som bada i Breiavikjo søndag ettermiddag.

Sol og varme lokka fastbuande og turistar til Breiavikjo i dag. Med rundt 20 grader i lufta var det freistande med eit bad. Ungane var raske uti, sumde, dukka, hoppa og stupte, medan dei ropte at det var «heise varmt», «kok-varmt» eller «drit-varmt vatn», kva no det siste måtte tyda. Gjennomsnittsalderen på dei badande var heller låg, og me såg ingen over konfirmasjonsalder boltra seg i vatnet. Måling av badetemperaturen gav oss kanskje forklaringa på det, 15,5 grader i vatnet. Ingen temperatur å skryta over, men sola skein og ingen klaga. Dei vaksne koste seg med kaffi, prat og avislesing. Ville ein vera litt meir aktiv, eller få varmen attende i kalde kroppar etter bading i det «kok-varme» vatnet kunne ein kosa seg med kjekk ball-leik på sandvolleyballbanen.