Til saman 27 mjølkeprodusentar frå Vestlandet vart nyleg tildelt Sølvtina for levering av elitemjølk i 15 år. I Fitjarposten sitt område fekk Einar og Anna Bodil Tislevoll den flotte Sølvtina.

Dette er den høgste utmerkinga for god mjølkekvalitet som vert delt ut i Noreg. Utdelinga fann stad på Lillestrøm 23. april i samband med Årsmøtet i TINE.

Ein skikkeleg kraftprestasjon
Det er fleire krav som må oppfyllast for å få Sølvtina, deriblant må det leverast elitemjølk samanhengande i 15 år. Det vil seie mjølk av aller beste kvalitet i alle månader utan eit einaste feilskjær. I gjennomsnitt har sølvtinemottakarane hatt over 2000 feilfrie mjølkeleveringer dei siste 15 åra.

– Dette er eit resultat av eit langsiktig og målretta arbeid hjå bøndene og frå TINE sitt rådgjevarkorps. Ein slik kraftprestasjon krev særdeles god drift og høg fagleg dugleik hos mjølkebonden, seier konsernsjef Hanne Refsholt i TINE.