Til temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag i neste veke kjem den kjende songaren Solveig Slettahjell.

En ny temakveld står for døra, fortel Eli Simonsen, og denne gongen er det ingen ringare enn Solveig Slettahjell som kjem til Fitjar. Ho er ei av våre fremste songarar. Ho har gjennom 10 år sett tydelege spor hos både publikum og presse over heile verda.

Solveig Slettahjell tok hovudfag i vokalpedagogikk ved Noregs Musikkhøgskule. Ho har gjeve ut fleire cd-ar, mykje er jazzrelatert. Ho fekk Spelemannsprisen i 2005, Vitalprisen på Kongsberg jazzfestival i 2005 og Radka Toneff sin minnepris under Molde jazz same året, og Gammleng-prisen, klassen jazz i 2011.
 
På Fitjar framfører ho salmar frå plata si «Arven». Salmane er henta frå oppveksten hennar i kyrkja og på bedehuset. Her er m.a. Lina Sandell-klassikarar som «Blott en dag», songevangeliesongar som «Tenk for en jubel» og «Han giver och giver och giver igjen», Trond Kverno sin salme «I dine hender Fader blid» og «Tårnhøye bølger går».

– Det kjennest godt å visa mi takksemd til dei som lærte meg desse songane og få syngja dei til dei som aldri har høyrt dei før, seier Solveig Slettahjell.

Eli Simonsen og temakveldgruppa ønskjer velkommen til ein uforgløymeleg kveld i Fitjar kyrkje!