A-laget til Fitjar IL hadde allereie vunne puljen sin i 5. divisjon før bortekampen mot Vestsiden-Askøy, men heldt oppe skjerpinga og sleit seg til ein fortent 2-1-siger søndag ettermiddag.

Før kampen var trenar Kjell Træet mest oppteken av at spelarane hans skulle gjennomføra på ein skikkeleg måte. Etter som Vestsiden-Askøy var involvert i kampen om andreplassen og opprykk, var det viktig å visa skikkeleg innsats, av omsyn til dei andre laga i puljen. Elles var det viktig å komma gjennom kampen utan skadar og gule kort.

Med unnatak av eit uforståeleg gult kort til Bernt-Ove Maraas fekk Kjell alle sine ønskje innfridd. Fitjar kom best i gang, og dominerte første omgang. Etter rundt eit kvarter fekk Fitjar frispark på hjørnet av 16-meteren, ein ønskjeposisjon for venstrefoten til Kjell André Thorland. Når motstandaren berre stiller tre mann i mur, blir det meir enn god nok plass for Kjell André til å skrua ballen i mål. Noko han sjølvsagt gjer, heilt utakbart oppe i vinkelen, ei av dei flottaste scoringane i år!

Sjølv om heimelaget kom litt meir med mot slutten av første omgang, kom dei ikkje til opne målsjansar. Bortsett frå då ein elles feilfri Oddgeir Træet bomma på ballen, den fekk ein liten stuss rett framfor nasen hans, og fauk forbi han. Men angrepet enda med skot på utsida av stolperota, og dermed kunne Fitjar gå til pause med 1-0.

Andre omgang blei meir jamspelt, sjølv om Fitjar hadde dei fleste og største sjansane. Heimelaget sette fart på ballen og kom med fleire brukbare angrep, men blei som oftast stoppa før dei nådde 16-meteren til Fitjar. Etter eit knapt kvarters spel burde Fitjar gått opp til 2-0, då Kjell André Thorland vann ein duell med den gode heimekapteinen Carl Nese, og slo inn framfor mål. Der stod Fitjar-spelarane i kø for å scora, men lukkast ikkje. Vestsiden-Askøy kontra, og berre ein god Oddgeir Træet stod i vegen for utlikning.

Rundt eit kvarter før slutt fekk Vestsiden-Askøy nytt håp. Bernt-Ove Maraas kolliderte med ein fremadstormande askøybu rett utanfor 16-meteren, og begge fall. Me kunne ikkje sjå at nokon av dei gjorde noko gale, men Bernt-Ove fekk gult kort, og heimelaget frispark på 16-meteren. Fitjar klarte ikkje å klarera det gode skotet frå Carl Nese, og etter møljespel i feltet sette Jonas Ravnanger ballen i mål frå kort hald.

Men dette var ikkje dagen då Fitjar gav noko gratis. I det siste ordinære speleminuttet vann Thomas Vestbøstad Waage ein duell på venstresida, og fekk lagt inn framfor mål. Etter eit fint forsøk frå Lars Fitjar Waage hamna ballen på 18 meter, der Fitjar-kaptein Øyvind Fykse Lie kom stormande og la ballen fint i mål, like ved stolpen. Likevel var ikkje kampen avgjort. På overtid presterte Fitjar-forsvaret ei av årets styggaste tversoverpasningar, og Vestsiden-Askøy fekk corner. Denne blei ekspedert vidare via eit Askøy-hovud mot Fitjar-vinkelen. Alle såg headinga i mål, bortsett frå Henrik Raunholm Kjelling, som hang heilt oppe i vinkelen, og redda med ei flott heading. Den andre redninga hans på streken i dagens kamp!

Dermed kunne Fitjar hala i land ein fortent siger, etter jamt god innsats. Trenarduoen Kjell Træet og Ketil Fykse var naturlegvis godt nøgde med at spelarane deira fullførte serien på ein skikkeleg måte. Og at dei spelte på seg sjølvtillit inn mot kampane om seriemeisterskapen i 5. divisjon Hordaland, mot dei to andre puljevinnarane, Gneist og Norheimsund.

Heile laget leverte ein god innsats, ikkje minst dei to målscorarane Kjell André Thorland og Øyvind Fykse Lie, som til tider dominerte midtbanen. Klart på plussida var også ein særs aktiv Thomas Vestbøstad Waage, sjølv om han ikkje kom på scoringslista denne gongen. Men han passa godt på heimelaget sin midtstoppar, Carl Nese, som var banens beste. Hadde han fått fritt spelerom, hadde nok Fitjar fått det mykje vanskelegare, og dei skal prisa seg lykkeleg over at han ikkje spelte lenger framme på banen. Denne mannen må vera den beste spelaren i 5. divisjon Hordaland, med styrke, spenst, fart og lågt tyngdepunkt. Ein klassespelar!

Med dagens siger har Fitjar gjennomført sesongen med stil, og me ser fram til kampane om seriemeisterskapen, onsdag 30. oktober og søndag 3. november. Med Fitjar opp frå 5. divisjon blir Løvstakken, som søndag vann 7-2 over botnlaget Rosendal. Som kjent utropte me Løvstakken til opprykksfavoritt for fleire veker sidan, dei er det beste laget Fitjar har møtt i år.