Fitjarjentene Camilla Volden og Marianne Raunholm spelar på Solid og er med 16-årslaget deira i Norway Cup.

Britt Lise O. Volden fortel at innsatsen så langt har vore svært god, og etter to sigrar og eitt tap i innleiinga, har dei gått vidare til A-sluttspelet.

Første kampen spelte dei søndag mot Stjørdals-Blink og vann så klart som 5-1. I går måtte dei tola tap 1-2 mot Jotun, men i dag vann dei ein ny storsiger. Storm IL hadde visst ikkje så mykje motvind å by på, for dei blei blåste av banen med 7-0. Dermed er Solid-jentene vidare til A-sluttspelet, og det blir spanande å sjå kor langt dei når.