Dei unge A-lagsspelarane til Fitjar viste igjen styrke på heimebane laurdag ettermiddag då dei slo toarlaget til Vadmyra så klart som 5-0.

Heimesterke Fitjar tok laurdag i mot Vadmyra II til kamp om nye tre poeng i Fitjar Idrettspark. Fitjar styrte mykje av det som skjedde i første omgang, og kom til fleire sjansar. Men dei var litt for unøyaktige i pasningspelet til at dei klarte å «opne» opp Vadmyra-forsvaret.

Etter vel halvtimen får ein sjå korleis det kan gjerast. Roger Almås spelar Atle Hætta igjennom på høgresida, og det presise innlegget blir møtt på direkten av Henrik Raunholm Kjelling. Fitjar leier 1-0, og leiinga tar dei med seg inn til pause.

Når gutespelar Henrik igjen er frampå etter få minutt av andre omgang, er mykje avgjort i denne kampen. Utover i omgangen får Fitjar meir tempo på ballen, spelarane har mykje meir rørsle og periodevis er det mykje fint spel å sjå. 3-0 set Roger Almås inn på eit skot frå 16-17 meters hald. 4-0-målet kjem etter kampens finaste angrep, Kjell André Thorland spelar Leif Tore Aarland fri på høgresida med ein presis «krosspasning». Leif Tore legg den presist inn på bakre stolpe, der Atle Hætta set inn sitt fjerde mål på sine fire kampar no i haust. I sluttminuttet fastset Ronald Skår sluttresultatet til 5-0.

Fitjar-gutane er blitt veldig sterke heime i idrettparken, og i dei fleste kampane kjem laget sterkare og sterkare dess lenger ut i kampane ein kjem. Dette er ein god eigenskap, meiner trenar Stein Gunnar Halleråker, som seier seg svært fornøgd med kampen.

Neste laurdag er det ny heimekamp, mot Nordnes, og vonleg klart for tre nye heimepoeng.