Tre mål av Thomas V. Waage gav tre velfortente poeng til Fitjar i oppgjeret mot Fana 2 på Nesttun laurdag ettermiddag.

Trenar Kjell Træet melder om ein godt gjennomført bortekamp med mykje fint spel.

Dagens motstandar var eit ungt lag, fortel Kjell. Mange av dei er juniorspelarar, som kom litt til kort fysisk i duellane. Sjølv er Fitjar-trenaren godt fornøgd med eigne spelarar i dag. Han tar og med seg ein kommentar frå dagens dommar, Bjørn-Ketil Olsen, som berre hadde godt å seia om dagens Fitjar-lag.
– Mykje fin fotball av ein fin gjeng!

Kjell får igjen bekrefta at laget hans vinn når dei spelar opp mot det dei kan, uansett motstandar. Vel har det blitt tøffare i år enn det var i 5. divisjon i fjor. – Men no begynner kampane å likna meir på fjorårskampane, seier ein fornøgd Fitjar-trenar.

Framleis held Fitjar seg på midten av tabellen, og kan snart sjå tilbake på ein bra vårsesong i 4. divisjon. Siste kampen før sommarferien er laurdag 28. juni mot Bergen Nord, som ser ut til å vera eit av dei sterkaste laga i puljen, etter 3-1 mot serieleiar Austevoll i dag.