I årets siste NM-runde i crosskart på Bjorli viste fjorårsmeistseren god køyring, og enda på 3.-plassen i A-finalen. Foto: Strand Motorsport.

Dermed nådde han ikkje opp på sigerspallen samanlagt, slik han hadde håpt. Men han seier seg likevel godt fornøgd med det siste løpet i karrieren. Som kjent har det vore ein del stong ut tidlegare i sesongen, slik at utgangspunktet ikkje var slik det plar vera før siste runde i NM.

Gårsdagens løp blei vunne av Jimmie Walfridson, framfor Oscar Solberg og Ingve André Strand. Dette førte til at Ingve enda på femteplassen samanlagt i årets NM. Vinnar samanlagt blei Jimmie Walfridson, føre Jonathan Walfridson, Oscar Solberg og Marius Wardeberg.

I tillegg til pokal for gårsdagens tredjeplass fekk Ingve André med seg heim ein plakett som bevis på at han er årets NMK-meister 2015. Den fekk han som gårsdagens beste førar som er medlem i Norsk Motor Klubb. Dette er ein tittel Ingve har vunne fleire gonger før.

No ventar kaffikjelen og sidelinja for Ingve André, medan sonen, Anders Halleråker Strand, overtar den spreke crosskarten hans. 


Ingve André med beviset på at han er NMK-meister i crosskart 2015. Foto: Strand Motorsport.