Ho vann i fjor og sigra igjen i år. Solfrid Sandvik Bø var suveren i dameklassen i Fitjardalten 2012.

Med over ein minutt ned til Tove Agdestein som vart nummer to, tek me ikkje i om me sier at Solfrid vann ein komfortabel siger. – Men det er mange jenter som trener som ikkje stilte til start. Fleire av dei hadde sikkert slått meg, seier Solfrid, svært så beskjedent, til fitjarposten etter løpet. Ho har no to napp i vandrepokalen, og vinn ho neste år òg, får ho han til odel og eige. Før me forlet dameklassen, vil me òg nemna at Kari Rydland sprang inn til ein fin fjerdeplass.

I herreklassen vart det som venta ein hard kamp mellom Lars Lunde frå Stord Allianseidrettslag og Bjørn Tore Taranger frå BFK Fana. Taranger var i front mest heile løpet, men klarte ikkje å riste av seg Lunde, og då Lunde slo til i siste bakken opp til Idrettsparken, hadde ikkje Taranger noko å svara med.

– Det gjekk betre enn eg trudde. Eg sprang ein elendig 5000 meter på tysdag. I dag passerte eg 5000 på rundt ein minutt betre tid enn då, smiler Lars til fitjarposten.no. Beste fitjarbu mellom herrane var Magne Skumsnes som vart nummer fire.

Trass i, eller kanskje på grunn av (?), det nydelege haustvêret var det noko mindre deltaking i år enn i fjor. Men 120 deltakarar, med 31 som konkurrerte, er likevel ikkje ille.

Mange nytta òg høvet til å gå til Idrettsmerket, og Minidalten sjarmerte i år òg.

Resultat Fitjardalten (8,8 km)

1 Lunde, Lars jr; Stord IL 30,25
2 Taranger, Bjørn Tore; BFG Fana 30,41
3 Sørvik, Bjørn Kjetil; Bremnes Seashore 35,30
4 Skumsnes, Magne; Fitjar IL 36,28
5 Kvernenes, Olav ; IL Skjalg 36,41
6 Gjøsæter, Harald; Stord IL 37,28
7 Midtun, Kjell Arne; 37,38
8 Westerheim, Ole Andre; Fitjar IL 37,45
9 Vestbøstad, Karsten; Fitjar IL 37,47
10 Aarbø, Gunvald; Fitjar IL 38,01
11 Aarbø, Svein; Fitjar IL 38,35
12 Rydland, Harald; Fitjar IL 39,11
13 Rimmereid, Rune Longfjeld; Fitjar IL 39,24
14 Oma, Olav»; Fitjar IL 39,24
15 Bernes, Jan Martin; Fitjar IL 40,25
16 Aartun, Tor Andreas; Bremnes IL 40,39
17 Båtsvik, Arild ; 40,46
18 Nøttveit, Svein; Fitjar IL 40,50
19 Kjærland, Jonny; Stord SK 41,40
20 Sørfonn, Ingebrigt S.; Fitjar IL 42,15
21 Aartun, Bjarte Aartun; Bremnes IL 42,58
22 Havnerås, Finn Ingvar; Fitjar IL 43,01
23 Øvrebø, Olav; Fitjar IL 55,18
Startnr Damer Tid
1 Bøe, Solfrid Sandvik; Fitjar IL 41,25
2 Agdestein, Tove; Stord IL 42,32
3 Kristoffersen, Elisabeth; noteam 43,10
4 Rydland, Kari; Fitjar IL 44,31
5 Rydland, Silje; Fitjar IL 46,11
6 Kallekleiv, Målfrid; noteam 46,19
7 Lunde, Idun E; Stord IL 47,41
8 Aarbø, Marianne H; Fitjar IL 52,47