No er det eit halvt år til sola igjen snur over Siglodden og ytste pynten av Austevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Etter nokre svært mørke dagar er det no klart for vintersolkverv, noko som tyder at «sola snur», og dagane blir lengre.

Dei siste dagane har vore svært mørke her på berget, og då er det ei god trøyst å bli mint på at frå i morgon blir dagane lengre og lysare. Når sola står opp att i morgon, har ho snudd!

Sølve ordet “solkverv” kjem frå det latinske ordet solstitium, som betyr “sola står stille”. På engelsk heiter det «solstice». På norsk seier me at sola “snur”, men det er sjølvsagt ikkje heilt sant. Det er jo jordkloden som går rundt sola, men omgrepet kjem av at me står på jordkloden og ser opp på sola.

Den 22. desember har sola sin sydlegaste posisjon på himmelen. I Oslo kjem sola denne dagen berre 6,5 grader over horisonten, og dagen er nesten 13 timar kortare enn ved sommersolkverv i juni. Ved Polarsirkelen står sola i horisonten, og lenger nord er det mørketid.

Søndag morgon klokka 05.19 er det vintersolverv og dermed årets korteste og mørkeste dag her på den nordlige halvkule. Etter vintersolkverv kryp området med mørketid nordover, men først 15. januar kan ein igjen sjå sola frå Tromsø-området.

På grunn av fjella tar det endå lengre tid i sjølve byen. Daglengda aukar berre svært langsamt den første tida etter vintersolkverv. I Oslo blir dagen ni minutt lengre og i Trondheim tolv minutt lengre fram til årsskiftet. 

Årstidene på jorda kjem av at jordaksen heller. Helningsvinkelen er for tida 23,5 grader og endrer seg langsamt over ein periode på 41 000 år. For tida rettar aksen seg opp slik at Polarsirkelen flytter seg litt nordover frå år til år. Jorden roterer rundt sin eigen akse, og i løpet av året flyttar den skråstilte jordkloden seg éin gong rundt sola.

På den sørlege halvkula står sola samtidig på sitt høgaste, slik at det der blir sommarsolkverv. Om eit halvt år – 20. juni 2020 – vender vår halvkule mest mogleg mot sola, og vi får sommar med lange dagar, og sola står høgt på himmelen. 

Vanlegvis varierer datoen for vintersolsnu frå år til år mellom 21. og 22. desember. Mot slutten av det 21. hundreåret vil det falla på 20. desember. I byrjinga av det 24. hundreåret vil vintersolkverv falla på litlajulafto, 23. desember.

Det får neppe praktiske konsekvensar for nokon av oss. Me tar ein dag om gongen, og gler oss over lysare tider!

Årstidene på jorda. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retning pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.