Etter kvart måtte skodda vika, og sola skein om kapp med vertskap og gjester under årets Hatlevikbasar i går.

Hundrevis av festglade menneske møtte opp på Hatlevikbasaren laurdag. Velsigna med solskin fekk folk oppleva den fine blandinga av åndeleg føde, kystkultur og sosialt samvær som dei var komne for. Om det var vêret, Rune Larsen, auksjonen eller dei flotte gevinstane som lokka mest, veit me ikkje. Men den vesle dalen var fylt nærmast til siste plass då Hatlevikbasaren tok til laurdag føremiddag.

Dei som var ansvalege for maten, mente det måtte vera minst 700 til stades, og stemninga både på scenen og ute under buskane var heilt upåklageleg. Rune Larsen sette stemninga med vakker song og tale, slik han har gjort fleire gonger før. Høgdepunktet var nok – som vanleg – auksjonen, som også i år blei leia av ein engasjert og humoristisk Hallvard Møgster.

Auksjonane er kjende for dei flotte auksjonsgjenstandane, for gode replikkar og humørfylte kommentarar. Og årets auksjom stod ikkje noko til atters for dei som har vore før. Prisane på dei fine gjenstandane var som vanleg gode – folk sant rundt i buskar og kratt og baud over kvarander i kjent stil, til gode kommentarar frå auksjonarius Hallvard Møgster.

I tillegg blei det lodda ut ei rekkje flotte gevinstar på bok. Saman med auksjonen gav det kjærkomne inntekter, som går til Betelskipet «Elieser 6» og den Indre Sjømannsmisjonen. Me kan slå fast at ein horde tilreisande fekk oppleva ein strålande dag på heimplassen til Rasmus og Salamon Hatlevik.


Betelskipet «Elieser 6», «Helgøy Ekspress» og «Seladon» på plass i Hatlevik, saman med ein armada av småbåtar. Foto: Kjetil Rydland.


Rune Larsen gledde publikum med fin song og andakt. Fotoi: Kjetil Rydland.


Ein engasjert Hallvard Møgster i aksjon som auksjonarius. Foto: Kjetil Rydland.


Folk såg ut til finna seg godt til rette i det fine sommarvêret. Foto: Kjetil Rydland.


Ein smilande Rasmus Hatlevik konstaterer at auksjonarius Hallvard Møgster får publikum til å by på denne flotte ferja. Foto: Kjetil Rydland.

 
Denne kista med postkort frå Stillehavet går for 13 000 kr. Foto: Kjetil Rydland.