Ein litt kjølig nordavind la ikkje nokon dempar på 17. mai i Fitjar. Etter kvart varma sola opp både sinn og skinn hos fitjarbuen, som møtte mannjamt opp til årets feiring av nasjonaldagen. I respekt for Willy Brask, som omkom på Leirvik hamn 17. mai i fjor, blei det ikkje avfyrt salutt i Fitjar i år. Markeringa av dagen starta med flaggheising framfor Rådhuset kl. 8. Musikkorpset – Fitjar Musikklag og Fitjar skulekorps – spelte til.

Då folket hadde samla seg på rådhusplassen før barnetoget kl. 10, blei det halde appell for dagen. Denne var skriven av Julie Lillenes Gloppen og Solveig Lambach Fitjar. Sistnemnde framførte han saman med Hanne Tveita. Barnetoget var det største me har sett på mange år, og gjekk den vanlege ruta si forbi Fitjar kultur- og idrettsbygg til Fitjar bu- og behandlingssenter. Her stoppa det opp, og musikkorpset spelte, slik tradisjonen er.

Etter familiegudstenesta i kyrkja la ordførar Harald Rydland ned krans ved minnestøtta over fitjarbuane som fall i 2. verdskrigen. Han nytta høvet til å gi oss ei kort innføring i soga til Lars Hovstad, som fall i slag 3. november 1944 på den nederlandske øya Walcheren.

Under arrangementet i Håkonarparken fekk me høyra Osternes Mannskor, Fitjar Musikklag saman med skulekorpset, og eit kor samansett av born frå alle barnehagane i Fitjar. Håkon Hartvedt las prolog, der han fokuserte på historia vår, den kristne arven, tru, tryggleik, velstand og venskap.

Dagens talar var Bjarte Stubhaug, som voks opp i Fitjar, men flytta ut for over 30 år sidan. Han skuffa ikkje, og for å bruka konferansier Geir Tore Søreide sine ord: ”Mine forventningar blei iallfall oppfylte”. Stubhaug tok utgangspunkt i ordet fridom, men kanskje på ein litt utradisjonell måte. Han fokuserte på dei indre stengslene som gjerne hindrar oss i å føla fridom. Det gjeld å ikkje la seg plaga av anger over det som ikkje blei slik ein hadde håpt. I staden for å fokusera på fortida må ein tenkja framover, og bruka kreftene på det ein kan gjera noko med. Bjarte minte oss og på dei stengslene me legg på andre. Det nyttar lite å leva i eit fritt og sjølvstendig land om ein ikkje kan nytta seg av fridomen. F.eks. barn eller andre familiemedlemmer som blir plaga av sine nærmaste. Bjarte mana til respekt for ulike grupper i samfunnet vårt, og vårt ansvar for å gi dei eit verdig liv. Han takka dei som bidrar til å gi dei eldre i bygda vår eit så godt liv som råd. Han uttrykte stor respekt for den omsorg dei viser i ein strid kvardag.

Etter arrangementet i parken heldt 17. maiferinga fram i krinsane, slik tradisjonen er. Lesarane våre har vore flinke og sendt oss bilete frå ein del av desse aktivitetane. Fitjarposten tok turen til Hageberg skule. Der møtte det opp eit par hundre fastbuande og utflytta strandarar. Stranda Vel hadde kafe i skulehuset og arrangerte konkurransar ute og inne. På programmet stod bl.a. sekkeløp, hesteskokasting, spikerkonkurranse og kasting på tomme hermetikkboksar. Til slutt blei folket samla til fest inne i skulehuset, der Sigrun Tufteland heldt ein morosam tale.

Årets feiring av 17. mai i Fitjar samla mykje folk. Kanskje eit uttrykk for det som Bjarte Stubhaug avslutta talen sin med – lykke er å høyra til, å kjenna seg igjen og bli gjenkjent.