Men det var ikkje noko hinder for godt frammøte.

Grillen begynte å bli varm då born og vaksne samlast til avslutning for tysdagsklubben i Øvrebygda. Første post på programmet var andakt. Elisabeth Fauskanger, søndagsskulekonsulent, fortalde om Jesu Himmelfart. Borna let seg engasjere og hjelpte til med dramatisering.

Etter ei kort rettleiing starta mange grupper på naturstien som var lagt ut i området på førehand. Å kunne namn på nokre vårblomar virka lett. Men å kaste munkesteinar streva også vaksne med, og kanskje litt vrient å gjette rett lengde på tauet som var knytt rundt ei bjørkestamme. I målområdet venta to oppgåver der borna fekk skyte på ballongar og prøve heimelaga ertebørse. Gruppa som fekk flest poeng vart tildelt ein snopepremie.

Svidde eller halvvarme pølser såg ut til å gli ned på høgkant. Kjeks, kaffi og litt brus stod og på menyen hos dei fleste. Alle borna fekk til slutt ei lita gåve, ein cd med song og bibelforteljingar. Dette var siste samling før sommarferien. Ein av leiarane i klubben, Hilde Karin V Eiken, leia samveret.