Det var det ungdommane i 8. og 9. klasse på Rimbareid skule, måndag 8. Mai, då dei som ein del av ”den kulturelle skulesekken, fekk eit forfriskande møte med sjø og ”Seladon”.

Om bord lærte dei både å setja segl og knyta sjømannsknopar, og i tillegg var shantyman Håkon Vatne med og drog opp fleire sjømannsongar som elevane etterkvart vart skikkeleg med på. Ein liten bris var òg nok til at ein kunne setja segl og leggja ut på ein liten tur utan å ta motoren i bruk.

Av skipper Einar Matre fekk elevane mellom anna innføring i korleis ein navigerte i tidlegare tider. Mellom anna synte han fram kompasstypen vikingane brukte. Foto: Håkon C. Hartvedt

Av skipper Einar Matre fekk elevane mellom anna innføring i korleis ein navigerte i tidlegare tider. Mellom anna synte han fram kompasstypen vikingane brukte. Foto: Håkon C. Hartvedt