Regnvêret tok pause søndag føremiddag, slik at sola fekk kasta glans over Søndagsskulens dag, som blei markert med gudsteneste i Moahagen og tivoli i og rundt Fitjar bedehus

Sokneprest Olav J. Oma var ei stund i tvil om han skulle satsa på å avvikla søndagsskulegudstenesta utandørs i Moahagen. Men han fekk ingen grunn til å angra, for då søndagsskulebarna marsjerte inn i Moahagen bak fanen sin, skein det opp, og godveret heldt seg under heile arrangementet.

Barn og vaksne frå alle søndagsskulane i bygda var samla og deltok aktivt i gudstenesta, som vart leia av sokneprest Olav J. Oma. Me fekk oppleva ei variert gudsteneste, med song av søndagsskulebarna, musikk av Fitjar skulekorps og fleire lovande solistar. Søndagsskulebarna deltok både med opplesing av bibeltekstar og som forsongarar. Begge delar gjorde dei med brauvur!

Dagens klokkar var Håkon Rydland Sæbø, som ikkje heilt hadde greidd å leggja frå seg kostymet frå Håkonarspelet, som har gått av stabelen denne helga. I habitten til broder Jatmund, messepresten til Håkon den Gode, ønskte Håkon velkomen til gudstenesta. Men han var ikkje den einaste som drog linjene heilt tilbake til vikingkongen som fekk banesåret sitt på Fitjar.

Det same gjorde dagens gjest, prost Svein Arne Theodorsen, og sokneprest Olav J. Oma. Sistnemnde la som vanleg fram dagens bodskap på ein måte som er til å forstå både for liten og stor. Han fortalte at søndagsskulen i Fitjar begynte for rundt 100 år sidan. Men den aller første søndagsskuleguten vår var Håkon den Gode! Han blei som kjent send til England, der han fekk ei kristen oppseding hos kong Adalstein.

Etter gudstenesta marsjerte barna ut av Moahagen hakk i hæl på Fitjar skulekorps. Ein stor flokk følgde med til bedehuset, der det var søndagsskuletivoli. Her blei det skipa til aktivitetar både inne og ute. I desse «vikingtider» var skyting med pil og boge populært. Mange prøvde å banka spiker i ein planke med ymse resultat. Hinderløype, fanga «flygefisk» i eit band, hinderløype og radiostyrte bilar var andre populære aktivitetar. Ekstra kjekt denne gongen var at Ina Tufteland var på plass igjen med hestane sine. Det var kø for å få seg ein liten ridetur

I det fine haustvêret var det kjekt å eta ute, anten ein ville ha pølse og brød, eller kaffi, brus og kaker.

 

Ingressbilete: Søndagsskulebarna under leiing av Helga Rimmereid syng søndagsskulesongar. Foto: Kjetil Rydland.