Det var ein stor dag på Fitjar Mekaniske Verksted i dag då det var dåp og overrekking av arbeidsbåten Lerøy Triton.

Ein god gjeng fitjarbuar hadde møtt opp til det opne dåps-arrangementet som vart gjennomført i strålande vårvêr og avslutta med at alle som ville fekk seg ein tur på Fitjarvikjo med «dåpsbarnet.»

Arrangementet starta med servering av kaffi, brus, nydelege vårrullar, marsipankake og sjokolade. «Dette er den kjekkaste dåpen eg har vore i», sa ei av jentene før det heile hadde starta. På spørsmål om kvifor kom det raskt og kontant:  «Fordi det er god mat, me skal få is og masse sjokolade, det er ei god og fin kaka her og eg får hjelpa til». Dei var høgt oppe mange av ungane der dei sprang rundt på kaien mellom høgtidelege, dresskledde menn og damer på høge hælar. «No må de ikkje springa på kaien», kom det frå ei myndig pappastemma. «Nei-da, eg vett kofor me ikkje ska» springa, for då kan me detta på sjød’n,» forklarde ein stolt sjuåring, før han sprang vidare…

Ved kaien låg Lerøy Triton i all sin glans. Ein nydeleg båt og ein riktig «arbeidshest», sa direktør ved Fitjar Mekaniske Verksted, Hugo Strand, i sin opningstale. Heile båten er bygd på Fitjar og det har teke skipsbyggjarane vel seks månader å få båten ferdig. Direktøren skrytte av designar Asbjørn Vik som har teikna den spesielle båten som har eit lengde og bredde-forhold langt vekke frå læreboka med si 10,7 m breidde på «berre» 14,99 meter lengde. Lerøy Triton er ein velutstyrt og avansert båt som kan lasta 100 tonn, som har to hovudmotorar på 600 hestekrefter kvar og som kan koma opp i ein fart på over 10 knop. Den stolte verftsdirektøren skrytte ikkje berre av designar Vik, men og entreprenørane TH Services, Vest Elektro og Lido Marine, og sist men ikkje minst Sveiseneset sine skipsbyggjarar med produksjonssjef Åsmund Sørfonn i spissen.

Lerøy Triton er bestilt av Lerøy Vest, som driv med fiskeoppdrett. Lerøy Vest-sjef Willy Berglund takka FMV for jobben og sa han svar stolt over å få overlevert ein slik fantastisk båt, og han var stolt av at me har slike verft som Fitjar Mekaniske langs kysten vår.

Gudmor Hildebjørg Åsvang, kledd i Hardangerbunad, stod for den høgtidlege dåpssermonien med lykkeønskingar for skipet og døyping med edle dråpar. Det måtte stor styrke og tre forsøk til for å knusa Champagneflaska i båtsida, men som dei sa på kaien: alle gode ting er tre, så det betyr nok lykke for Lerøy Triton. Gudmora fekk stiga ombord først. Etter ho fylgde ein stolt verftsdirektør, ein flokk med ivrige, is-etande ungar og ein god del skodelystne vaksne.

«Det er kjekt å kunna feira denne store dagen saman med folk på Fitjar. Det var kjekt at det kom så mange, og ekstra kjekt med mange ungar», smilte direktøren på dekk i det han tok sin eigen livvest-kledde litle pode på armen.

«Yess! No starte han!», jubla ungane ombord, klar for ein båttur. Sjølv om eigarane og leverandørane beherska seg og ikkje jubla like høgt, smilte dei vel så breitt som ungane då vedunderet seig utover Fitjarvikjo.

– Ein arbeidshest i solnedgang, levert av eit godt arbeidslag frå Fitjar.

Gudmor Hildebjørg Åsvang ombord i Lerøy Triton.