Gutar og jenter frå Fitjar prisar sommaren på Sommarland Cup i Bø i Telemark denne helga.

Det var ikkje måte på sommar som møtte ungdommane frå 13-årslaga til Fitjar då dei kom til Bø i Telemark fredag ettermiddag. Vel 25 varmegrader og sol frå klår himmel er ikkje dagleg kost for fitjarbuar som har ein kald mai månad bak seg.

I dag har begge laga vore i elden, med brukbare resultat. Gutelaget til Fitjar ligg på 2. plass i pulje 4 etter uavgjort 2-2 mot Fram og 1-0 over DBK 1998. Kampen mot Fram leia dei nesten heilt inn, men fekk ei scoring imot i sluttsekunda, eit stort vonbrot å måtta nøya seg med uavgjort. I morgon føremiddag møter dei Donn Gutter 13, og har framleis sjansen til å vinna puljen sin. 

Jentene tapte 0-1 mot Holmen 1 i føremiddag og spelte uavgjort 1-1 mot Vindafjord i kveld. Scoringa til Fitjar kom ved Monica Helland, heilt på slutten av kampen, etter godt forarbeid av Vilde Raunholm Kjelling. Dermed ligg jentene på 3. plass i puljen sin før kampen mot Nittedal Rød søndag morgon. 

I kveld er det rockekonsert som gjeld for solbrente Fitjar-ungdommar. På Sluserock i Lunde sluseamfi ved den idylliske Telemarkskanalen reknar dei med å treffa på både X-faktorar og idol.

På heimesida til Sommarland Cup kan me lesa meir både om Sluserock og resultat i cupen.