Fitjar sokneråd inviterer til bibeltimar på Fitjar bedehus med pensjonert prest Jens Olav Mæland, laurdag 25. oktober.

Mæland har tidlegare mellom anna undervist ved Fjellhaug Misjonshøgskole i 24 år, gjort teneste  som bataljonprest ved den norske UNIFIL – styrken i Libanon i 19993 – 1994, vore lærar i yrkesetikk ved Hærens Krigsskole og vore sokneprest i Etne.

Her er programmet for dagen:

TEMA:      «Vår kristne arv.»

Kl.11.00
Bibeltime: Kvifor skreiv Lukas Apostelgjerningane? Kva var spesielt ved det kristne fellesskapet i urkyrkja?

Kl.12.00 
Servering av graut, saft, kaffi og kake.

Kl.13.00
Bibeltime:Talen til Paulus i Aten – eit møte med menneske, framande for kristen tru (Apostelgjerningane kap.17).

Høve til å stilla spørsmål. Solosong ved Elisabeth Moldestad. Kollekt

Velkomen til kvar og ein.

(ANNONSE)