På bilete f.v: Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen, dagleg leiar Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Shl, Linda Øen og Svein Arne Theodorsen.

– Dagleg leiar i samarbeidsrådet er heilt klart ein av regionens viktigaste jobbar, melder styreleiar Morten Storebø i ei pressemelding.

Etter 23 år som dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland går Gro Jensen Gjerde av med pensjon.

– Som dagleg leiar jobbar ein med eit breitt spekter av saker. Det som er felles er at det har regional betydning, med oppgåver som blir løyst i fellesskap av kommunane i Sunnhordland, seier Storebø.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er det viktigaste bindeleddet mellom dei åtte kommunane i Sunnhordland. Oppgåvene strekk seg frå politisk og administrativt samarbeid mellom kommunane, til store, overordna regionale prosjekt.

– Jobben som dagleg leiar er utruleg kjekk og veldig mangfaldig. Det er dessutan eit privilegium å få jobbe så godt og tett med både ordførarar og rådmenn om vere med å bidra til utviklinga av regionen vår, seier Gro Jensen Gjerde.

– Samarbeidsrådet for Sunnhordland søkjer ein dagleg leiar som likar å jobbe i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon, og som har kjennskap både til offentleg, privat og frivillig sektor, fortel Storebø, som oppmodar folk til å søkja.