Torsdag vedtok soknerådet i Fitjar at det skal lysast ut stilling som kyrkjelydsprest.

 

Stillinga skal vera 100 prosent, og tilsetjinga skal førebels vara i to år frå 1. januar, opplyser kyrkjeverje Harald Rydland i ei pressemelding.

 

Rekninga skal delast mellom kommunalt tilskot (50 prosent), gåver og og eit fond som er sett av til føremålet.

 

Leiar i soknerådet, Rasmus Fitjar, fortel at det no var tida for å setja igang arbeidet med å finna ein kyrkjelydsprest, etter først å ha sluttført prosessen med å få ein kantor på plass. Fitjar fortel at det økonomiske er på plass, og no manglar det berre å få tak i ein teolog til å fylla stillinga. Dersom alt går slik det er tenkt, håpar soknerådet at den nye presten skal vera på plass ved årsskiftet.