Fitjar sogelag ønskjer kontakt med folk som har interessant historisk stoff.

Det er leiaren Bø Inge Bø som fortel dette til Fitjarposten.

Ei av Fitjar sogelag sine fremste oppgåver er å samla inn historisk materiale og å formidla dette ut til flest mogleg. I år som i fjor prøver sogelaget å gje ut eit hefte, «Fitjarminne», med eit knippe historier frå kommunen.

– Ein del stoff er allereie samla inn, seier Bård Inge Bø, men sogelaget er alltid interessert i meir. Anten dette er særoppgåver, munnlege overleveringar eller anna.

Sogelaget prøver å gå ut breitt, for å få stoff frå alle delar av kommunen, så alle smågrendene er viktige. Bård Inge poengterer at det er særleg viktig å samla inn stoff frå Fitjarøyane, etter som mange av dei som budde i øyane, iallfall som vaksne, er i ferd med å forsvinna.

Sogelaget ber folk koma med alle slags små eller lengre historier som dei trur kan vera av interesse, for dette års eller framtidige utgjevingar av «Fitjarminne». 

– Me kan hjelpa til med å få det skrive inn på datamaskin, seier Bård Inge Bø.

Kontaktpersonar er kven som helst i styret:
Alf Gjøsæter 905 48 297
Magnar Kloster 469 30 532
Martha Eidet Helland 901 02 575
Leif Rune Vestvik 53 49 75 26
Harald Westerheim 974 85 590
Rasmus Fitjar 918 24 158
Bård Inge Bø 48077528