Sogekvelden som skulle blitt avvikla i morgon, fredag, er utsett, melder biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Biblioteksjefen viser til fellesannonse om Kystsogevekene i dagens «Sunnhordland».

Her er det annonsert sogekveld i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag 12. september.

Dette stemmer ikkje, seier Silje til Fitjarposten, sogekvelden er utsett til 20. november.

Annonse med nærmare opplysningar vil koma når sogekvelden nærmar seg.