Fitjarposten kom i skade for å skrive at Sogekvelden var 22. november. Me har retta det no, men for at ingen skal vere i tvil, understrekar me at Sogekvelden finn stad førstkomande torsdag kl. 19.00 i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Sogekvelden er ein del av ei kulturell superhelg. Etter sogekvelden vert det internasjonal helg med arrangement både fredag, laurdag og søndag. Altså frå 21. til 23. november. (Sjå annonsering til høgre på denne sida, både for sogekvelden og Internasjonal helg.)

Og det skjer meir i Kulturhuset denne helga:

Fredag og laurdag held Osternes Mannskor jubileumskonsert i Kultursalen.