Tittelen er headinga på Fitjarrevyen 2012, og me har grunn til å tru at det skal bli mykje å le av i år òg..

Den mest spennande nyheita er nok at ein har fått med seg Dag Schreiner. Dag har mellom anna vore med i Løgnaslaget frå starten av, og etter å ha spelt for fulle hus på Ole Bull Scene i Bergen nyleg, saman med Christine Hope, vanka det sterke femmarar i Bergenspressa. I Fitjarrevyen vil han både  syngje, gjere stand-up og framføre ein del av figurane sine. Mellom anna skal me få møte sjømannen Bøgvall Kai og ein satanisk kyrkjebrennar som ikkje får fyr på noko som helst, og i tillegg er mørkredd.

Dag Schreiner, som Ole Bergesen elles karakteriserer som ein av dei beste revyartistane i landet, fortel til fitjarposten.no at han har sagt ja til å vera med i Fitjarrevyen på grunn av svært gode tilbakemeldingar om revyen frå mellom andre Hans Morten Hansen, Christine Hope og fleire. – Så dette hadde eg rett og slett lyst til, og det var svært hyggjeleg å bli spurt, smiler han.

Ole Bergesen fortel elles at det meste av teksten og musikken no er i boks. – Dag har med ferdig stoff sjølv, og det blir slik me glir litt inn i hans nummer, og han i våre, seier revysjefen.

– Som tidlegare vert det elles mykje stoff som ikkje berre fitjarfolk, men òg folk i heile Sunnhrodlands-regionen vil kjenne seg att i, fortset Bergesen, og røpar ein del:

– Det skjer mykje på fjellet for tida. Det har me òg noko me vil seie om. Så har det heller ikkje gått oss upåakta forbi at Fitjar har gått ut av Robek-lista, mens Stord har gått inn. Ein tidlegare stortingsmann frå Austevoll som eig 10 prosent i det meste, og fitjarrådmannen som er dyktig til å hente inn pengar, vert òg å finna i revyen. Det vert vidare hønsehuset på Hovstad, men då sett i frå hønene sin ståstad, seier Bergesen.

Nokre av gjengangarane vil òg vere på plass.

Publikum kan vere trygge på at både fitjarbuen og Oscar-en vert å finne på scena. Det vil òg Petter Aagaard vere. Ikkje minst under allsongen. Som dei seier det i programmet: Ingen sommarrevy utan allsong, og ingen allsong utan Petter!

Dei mest ultralokale innslaga står oftast Terje Træet for, og kven som får det lokale passet påskrive i år..? Det er berre å vente og sjå.

– Jobben vår er i det heile å lage ein best mogleg revy. Det gjeld òg det tekniske. I år skal me bli mykje betre på lyd. Folk skal oppleve at det høyrer like godt, same kvar dei sit i teltet.

Me kjem til å heve dei bakarste benkene og løfte scena litt, for at folk skal sjå godt, same kva plass dei har, seier Ole Bergesen, ein knapp time før han dreg til Oslo saman med Petter Aagaard. Her skal dei få med seg eit show for å hente inspirasjon til endå fleire sprelske idear.

Orkesteret er framifrå med kapellmeister Svein Ragnar Mykjebust på keyboard, Ole Rasmus Hjelle på gitar, Rudolf Fredly på bass og Jostein Hustvedt på trommer.