– Vengene på første vindmølla i Fitjar kjem truleg til å rotere om rundt to veker, meiner dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Ole Vidar Lunde.

Han fortel at tanken heile tida har vore å setje møllene i produksjon så snart dei er ferdige både utvendig og innvendig.

– Målet har vore at me skulle ha den første vindmølla i produksjon eit år etter at me starta arbeidet. Me starta 5. september 2011, og me har von om å nå målet om at den første mølla skal rotere innan 5. september i år, legg han til.