-SNU har fleire gonger arrangert SNU-plass i studentbyane. I år går turen til Oslo. Mange fitjarbuarar og andre sunnhordlendingar bur i Oslo-regionen, og SNU-plassen har blitt ein populær møtestad.

SNU-plassen denne våren finn stad 17. april kl 1900 på Månefisken på Grünerløkka. Varaordførar i Fitjar, Gisle Levåg og ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland er vertsskap. I tillegg vert det bedriftspresentasjonar, underhaldning og sjølvsagt mat og drikke. Arrangementet er gratis.

Kjenner du noko frå Fitjar som bur i hovudstaden, så tips dei om SNU-plassen, skriv dagleg leiar i SNU, Hege Økland til fitjarposten.no

Meir informasjon på www.snu.as
Tlf. 53 40 15 50, Mobil: 95 75 36 95, Telefax: 53 41 00 58