Utanfor eit av husværa i kjellaren på Havnahuset stod dei klare med raud snor i dag.

Ragnhild Ivarsøy og Brit Laila Heggøy heldt i kvar sin ende av snora då ordførar Harald Rydland klypte av og høgtidleg stadfesta at no er den nye terrassen opna. Avdelingsleiar Lillian Bekkevold nytta høvet til å takka Fitjar Kraftlag som hadde vore ute med sponsormidlar. Johannes Koløen representerte Kraftlaget. Brit Lise Volden, som arbeider på denne avdelinga, fekk ekstra takk for innsatsen. Ho er primus motor for den nye terrassen. Eit innleigd byggjefirma har utført arbeidet. Bebuarane var til stades ved opninga, men trugande mørke skyer og fare for regn gjorde til at resten av feiringa gjekk føre seg innandørs. Der stod grillmat og marsipankake klar og det var duka til fest. Ordføraren hadde trekkspelet med seg. Det vart både song og spel til glede for alle. Ni personar skal nyte sommaren på den fine terrassen når sol og varme kjem for alvor. Stolar og bord var alt på plass, men som sagt ikkje freistande å sitje ute i dag.