Det sa fire spreke menn då dei starta sykkelturen i dag.

Men lat oss straks legge til at dei ville vurdere etter kvart kor lang turen kunne bli. Eigentleg hadde dei bestemt seg for å sykle til Bømlo og Håvik. Då me trefte karane var målet å sykle rundt øya. Dei var godt kledde og stod klar med godt utstyrde terrengsyklar og ei lita niste på baklomma. Sykkelgjengen (som oftast seks til sju personar) trenar kvar tysdag, torsdag og søndag, anten på landevegen eller terrengsykling. Innimellom plar det bli økter med eigentrening. Dei er medlemmer i Stord Sykleklubb og deltek i mange løp gjennom året. Det vekkjer undring når karane ramsar opp til dømes Birken som går av stabelen siste helga i august. Elles vart det nemnt Stord Rundt, mange andre lokale ritt, Garborgriket (på Jæren), , Egersund- Sandnes og Bergen – Voss. Sistnemnde rute er 165 kilometer og då nyttar dei racersykkel. Kjell Christian Tislevoll fortel at han har nettopp kjøpt inn nærare tretti sykkeldrakter med logo Team Fitjar. Det betyr nok at nye deltakarar er velkomne på to hjul.

Den glade sykkelgjengen fortel om eiga Facebook-side, Team Fitjar. Alle sykkelinteresserte kan sjå den.