Samferdselsutvalet sa i dag ja til å oppretthalda snøggbåtruta mellom Sunnhordland og Bergen. Det skjedde i kommunestyresalen på Fitjar.

Etter at det sist fredag vart kjent at Fylkesrådmannen ville gå inn for å leggje ned denne ruta, har det vore sterkt engasjement mellom folk i Sunnhordland for å hindre dette.

Mellom anna vart ei facebookgruppe som på møtet i dag la fram ei underskriftliste dei har henta inn på nett med rundt 2400 underskrifter mot nedlegging.

Samferdselsutvalet drøfta saka grundig, men etter gruppemøte vart det eit veldig einstemmig vedtak på at ruta burde oppretthaldast. – Det er ikkje akseptabelt drenere eit slikt tilbod som omfattar mange reisande og har eksistert i over hundre år, sa leiar i samferdselsutvalet, Gustav Bahus i eit intervju med NRK.