Mange fitjarbuar vil nok gle seg når Snøggbåten igjen har FItjar som anløpstad. Det vil skje frå 2. mai i 2016, bestemte Samferdselsutvalet i Hordaland Fylkeskommune nyleg. Illustrasjonsfoto: Tide Express

 Anne-Line Innvær som sit i utvalet skal ha mykje ros for å ha kjempa sak i gjennom, og ordførar Wenche Tislevoll er svært nøgd over at Utvalet igjen har sett Fitjar opp på ruteplanen. 

-Svært bra for dei som skal til Flesland,  eller for dei som ønskjer å ta ein sutalaus tur til Bergen, utan bil, kommenterer ho.

Slik stoda er i dag har snøggbåten rett som det er gått innanfor Fodno i dårleg vêr, men frå neste år legg båten altså til kai i Fitjar etter at han har vore på Rubbestadneset, og før han går til Bekkjarvik.

For ein del år sidan gjorde Agnar Aarskog ein strålande jobb med å få båten til å gå innom Fitjar. Då var det diverre for liten respons til at ruta kunne oppretthaldast. La oss vone det blir betre denne gongen.