Både i lysløypa og på vegen oppover mot Heio på Stord er det nok snø til å gå på ski.

Med strålande solskin frå skyfri himmel og knapt ein vindpust i lufta er det reine påskestemninga i Stordfjellet denne vinterferien, og ein kan få bruk for både klister og solkrem om ein vil nytta ein siste rest av stord-snø før den smeltar vekk. 
Om det ikkje er dei store snømengdene så er det såpass at ein kan spenna på seg skia rett utanfor bilen ved parkeringa ved Lundsæter. Det er snø nok til å både ta seg ein runde i den 4,2 km lange lysløypa, aka ved Lundarstøl eller gå ein tur til fjells oppover langs vegen til Heio.  Snøen er rimeleg fast og om føremiddagen er det ganske hardt og delvis isete  i spora men utpå ettermiddagen har den varmande sola og mangfaldige skipar omdanna snøen til «slush». Med andre ord skikkeleg påskeføre, og det er vel ikkje å forakta, sjølv om me ikkje har kome lenger enn til slutten av februar.

ciclo esteroides