Somme stader i Fitjar sprengjer talet på brunseglar alle statistikkar. Foto: Arne Vestbøstad

 

Etter ein mild vinter ser mange hageeigarar i år at talet på brunsniglar er mykje høgare enn dei siste åra. Dei øydelegg planter i hagen og når dei først er komne, er dei vanskelege å bli kvitt. Sjølv om det har vore eit problemområdet med mykje merksemd dei siste åra, og ein stor innsats har blitt gjort, har sniglane ikkje forsvunne enno, til stor fortviling for mange hageglade.

 

«God» fangst

John Abotnes i Fitjar sentrum er ein av dei som har merka seg at det er rikeleg med sniglar i år. På seine kveldar har han, i lyset av ei lommelykt, plukka over 4300 sniglar (per medio juli). I fjor var totalen på heile sesongen opp mot 900.

 

I kampen mot sniglane har Abotnes konsentrert seg om å plukka dei, og han følgjer opp rådet om å klyppa sniglane og lata dei liggja som åte for dei artsfrendane. Heldigvis har Abotnes hjelp i kampen mot brunsnigelen, nemleg frå boakjølsniglen, som han har funne eit par av, som han passar godt på. Den jaktar på og et brunsniglen, noko denne artikkelen i Aftenposten skildrar,og let planter stå i fred i større grad enn brunsnigelen. 

 

Abotnes har nokre triks han brukar i tillegg til plukking. Den grusa innkjørsla saltar han og held fri for grøne vokstrar. Rundt hagen klypper han graset heilt nedtil bakken med ein kantklyppar. Berre det å halda graset kort er eit tiltak som han reknar med gjer det litt vanskelegare for brunsniglane å ta seg fram. I tillegg held han plengraset kort, slik at det blir færre fuktige og skuggefulle område for sniglane å gøyma seg i.

 

Gift eller ikkje gift?

Råda oppgjennom har vore mange, og usemja er til dels stor om kva som er best. Den grundigaste metoden er rett og slett å gå ut på kveldane og plukka sniglane der dei er å finna, ein for ein, og klippa dei over. Om ein let dei avklipte sniglane liggja, kjem andre til for å eta av dei, og då har du plutseleg endå fleire sniglar å klyppa når ein går runde to litt seinare. I tillegg kan ein laga ulike feller med lokkemat, til dømes heller og plankar med kattemat under. Sniglane kjem krypande for å forsyna seg av godsakene, og då kan dei plukkast i store mengder. Øl i ein isboks med lok og hol i sidene kan også nyttast, eller ei anna plage i hagen kan også gjera nytte i kampen: oppsamla løvetann skal også lokka sniglane. Du kan lesa meir om korleis ein kan kjempa mot brunsniglane på Planteforsk sine nettsider.

 

Det kan også brukast kjemiske midlar mot sniglane. Eit omdiskutert middel på marknaden inneheld nematodar (rundorm) som drep sniglane frå innsida, i lag med ein bakterie dei ber på. Forsøk har vist at dette midlet er mest effektivt mot små sniglar, og dermed har størst effekt om våren eller hausten, når dei klekka sniglane er mest talrike. Elles er det fleire middel mot sniglar som inneheld jernfosfat, som forstyrrar næringsopptaket, og gjer at sniglane gøymer seg vekk og døyr.

 

Ein snigle legg opp mot 400 egg, så kvar snigle som forsvinn, betrar situasjonen for neste år. I tillegg kan ein leite etter egg på hausten, og tømma kokande vatn over dei. Her kan ein også få hjelp av til dømes løpebilla, slik denne artikkelen frå forskning.no skildrar

 

I tillegg er det andre ting ein kan gjera, som utvalet av planter ein har i hagen. Abotnes fortel at brunsniglane likar svært godt planter som jordbær, stemorsblomar og ringblomar, men er ikkje like glad i plantar med harde stilkar, som roser, begonia, løvemunn og gladiolar.

 

No er det berre å ønskje god natt-jakt.


Etter møkret har sige på er det gunstig å ta seg ein tur i hagen om du ønskjer å koma brunskogsnigelen til livs. Foto: Arne Vestbøstad